Feriehuset
Livet på garden.
Huset er 400 kvm stort og har 4 etasje. I kjellaren er det innreia rom kor man f.eks. kan samles etter ein skitur, padletur eller lignande, for å henge klede og anna utstyr til tørk. Rommet er utstyrt med fleire skotørkarar, og her ligg alt til rette for vintersport og lagring av utstyr.
Andre etasje er hovedetasjen med kjøkken, bad, stuer og to inngangsparti. I tredje etasje finn du alle soveromma samlet langs ein felles gang, her finn du og ein koselig lesekrok og ein felles balkong med utsikt mot elva, og ei bratt trapp opp til Nikkaloftet i fjerde etasje.
Øverst finn du ei rikholdig samling fra Nikkas liv og virke på garden og ei koseleg sittegruppe kor ein kan få litt tid for seg sjøl om ein vil. Husets historie sit i veggane her oppe på loftet, og Gardeiar Leif fortel meir enn gjerne artige historie frå oppveksten på garden og den etter kvart so kjende Farmora si, Nikka.