Fasilitetar
Kjøkken
Det nyrestaurerte kjøkkenet til Nikka ligg på same plass som ho hadde sitt, og rommet har fått topp moderne overflater og kvalitets-kvitevarer. Her kan du kokkelere og lage all slags mat, anten dykk er to eller 12 på besøk. Alt du treng av redskap, servise, glas og serveringsutstyr finn du her.
Et basisutvalg av tørrvarer er tilgjengelig, som salt, sukker, hvetemel, bakepulver, noko krydder, kaffe og te, samt ein del isbitar. Om du ikkje kan eller ikkje har lyst til å lage mat, så er det berre å gi beskjed, så kan vi fikse den biffen, eller Bacalaoen også, slik Nikka lagde den selvfølgelig. Eller kanskje du har lyst på Nikkas eplekake ?
Kjøkkenet er godt utstyrt med maskiner av alle slag, og mangler vi noko så får vi fatt i det til deg innan du kjem.
Stovene
Etter middag i den koselige «Spisestova» som rommer 12, foreslår vi avslapping, fyring i omnen, og godt i glasset i «Bestestova».
I «TV stova» kan ein kose seg i fred og ro med ein fotballkamp, ein god film, eller ungane kan spille TV- eller brettspill.
I «Lesekroken» i 3. etasje ved balkongen kan en nyte utsikta mot elva og virkelig finne ro.
På «Nikkaoftet» i 4 etasje finn du ei artig og lærerik utstilling til ære for Nikka og hennar virke på garden. Soveromma er komfortable og inviterer til å ta seg ein kvil når det trengs
Baderom
Hovudbadet i Nikkahuset er ei sanseleg oppleving. Mykje av det gamle tømmeret er bevart, og badet har topp komfort.
Her kan du slappe av etter ein god dusj i stolen «Egget» av Arne Jacobsen, og nyte utsikta mot elva. Kanskje finn du inspirasjon i ei av dei fine bøkene som er i dei ulike sonene i huset. Gardeiers forkjærlighet for god design og vintagemøblar pregar heile huset fra materialvalg til dekor.
Jacuzzi & Sauna
Uteområde
Nikkahuset er en 250 år gammel kårbolig på Raten Gard. Det koselege gardstunet rundt nikkahuset innbyr til aktivitetar som grilling, bading og soling.
Om vinteren tenn vi bål, griller pølser og leikar oss i snøven. Snøsikre Valldal legg alt til rette for ein perfekt topptur til f.eks. Alnestinden(1638 moh). Rett i nærleiken finn du og kilometervis med lysløype.
Eit av verdas beste alpintanlegg finn du på Strandafjellet som ligg ca. ein time unna Nikkahuset.
For barnefamilier med småbarn vil du finne artige aktivitetar på gardstunet som f.eks. trampoline, fotballmål og lett tilgjengelege skogstiar langs elva der ein kan utforske kanskje Noregs vakraste natur.