OM NIKKA
Nikkoline Myren Grønning, kalla Nikka er født 9. desember 1916 under første verdskrig. Nikka og seks søsken vaks opp på garden saman med foreldre og besteforeldre.
Nikka lærte tidleg å lage mat og under bygginga av Trollstigen jobba ho som kokke for anleggskarane som for hand bygde den spektakulære vegen. I 2020 vart den viktige innsatsen og arbeidet til Nikka og dei andre kvinnene som jobba på anlegget heidra med eigen sving i Trollstigen. Nikkasvingen er første svingen som har fått namn etter ei kvinne!
Nikka gifta seg under andre verdskrig. Ho og mannen budde ei tid i Svolvær saman med dei to barna sine. Men Nikka sakna garden, fjella og skogen og familien flytta derfor heim att og tok over gardsdrifta. I fleire tiår reiste likevel mannen til Svolvær på vinteren og våren for å jobbe, og Nikka dreiv då garden åleine saman med barna. Alle måtte hjelpe til, det var slik det var på den tida. Mannen døydde brått i 1975 og Nikka dreiv då garden åleine til eldstesonen tok over.
Nikka er opptatt av likestilling, kvinners rettar og at kvinner utdannar seg. Sjølv hadde ho ein draum om å utdanne seg til sjukesøster, men slik blei det ikkje.
Nikka er eit kjent namn for mange. Etter fleire tv-innslag har heile landet blitt glad i den livsglade søte gamle dama med smittande latter og godt humør. Opphavleg var det den rike kunnskapen om matlaging og bakst ho vart kjent for, og Nikka har formidla matglede ut i det vide land. Nikka byr på seg sjølv og hennar herlege innstilling til livet og sprudlande energi inspirerer unge som eldre.
Folk: Leve livet – heile livet
Norsk dokumentar. Livsglede og virkelyst kjenner ingen alder. 96 år gamle Nikka Myren Grønning i Valldalen elskar livet og fyller dagane med mange ulike gjeremål. Nikka drøymer om å leve til ho blir 110 år.
BBC: Nikka makes waffles for Si and Dave
Nikka får besøk av BBC og stell i saman vaffler til dei britiske TV-personlegheitane “Si and Dave.”
Nikka (103) er første kvinne som får Trollstigen-sving kalla opp etter seg
Tidlegare Trollstigen-kokk Nikka Myren Grønning fekk onsdag sin eigen sving kalla opp etter seg. I eit større perspektiv handlar det om representasjon, likestilling og demokrati, meiner likestillingsombodet.