Skip to content

BELIGGENHEIT

Kvar finn du oss?

I den vakre bygda Valldal på Sunnmøre i Møre og Romsdal finn du Nikkahuset ved den nasjonale turistvegen Geiranger – Trollstigen. Omkransa av bratte fjell og vill natur ligg huset idyllisk til på garden Raten, i gåavstand til Gudbrandsjuvets heftige jettegryter og Juvet Landskapshotell.

Ein kort køyretur unna ligg Valldal sentrum ved fjorden med fleire spisestader og butikkar, og du kan besøke Valldal Aktivitetspark berre 10 min unna. Ein køyretur til Åndalsnes tar 45 min, medan du når Trollstigen på 25 min. Det tar rundt 90 min å køyre til Ålesund, og Geiranger er éin times køyretur unna. Sjå Google Maps.

Dei råaste naturopplevingane Noreg har å by på!

Nikkahuset ligg fredfullt ved elva Valldøla der mange magiske naturperler lurer, og er eit perfekt utgangspunkt for utflukter. Området byr på fantastiske naturopplevingar og eventyr både sommar og vinter.
 
Her er turstiar og traktorvegar for turgåing, løping og sykling, og du finn også ei rekke flotte fjellturar og fjelltoppar. Med eller utan guiding frå erfarne friluftsguidar kan du utforske eitt av dei vakraste naturområda i landet: Frå juving ved Gudbrandsjuvet, rafting i elva, kajakkpadling på fjorden, klatring i klatreparken til rappellering ned Zakariasdammen for dei aller tøffaste.